Fantehuset.no


"Den fråskilde lut skal nyttast som byggetuft og leikarvoll"

 

 



 

Grupper

 

Musikk

 

 

Sponsorar:

 

 

 

 

"Dugnad"

11 okt, 2011 av Andreas Grimstad

Det vart gjennomført ein vellykka dugnad på laurdag. Fantehuset vil takke alle som var der for ein strålandes innsats! Vi blei disverre ikkje heilt ferdige så vi satsar på runde nr. 2 snarast. Informasjon vil kome!


"Dugnad"

29 sep , 2011 av Andreas Grimstad

Det blir dugnad på Trudvang Laurdag 8. oktober kl 11.00

Det vil gå mest i rydding inne og ute.
Prøve å ordne opp inne slik at huset kan brukast/leigast ut.
Rydde opp uteområdet slik at det ser litt finare ut der.
Sette opp eit stillas til snikkarar som kjem for og skifte borkledning på veggen mot hovedvegen. (om stillaset til Hareid kommune er ledig til då)
Finne ut kva meir som må reparerast/skiftast ut i huset for å øke brukarvennlegheita.

Håper folk kan ta med grafser, kostar, bossekkar, hanskar, hammar o.l

Vi stiller med kaffe;)

Følg med på Facebook sida vår

 

"Sensation Joggebukse"

27 april , 2011 av Andreas Grimstad

Fantehuset arrangerer ”Sensation Joggebukse” på Trudvang fredag 29. april. Festen startar 20.00. Vi har DJ og musikk, du teke med resten.

Det blir lukka lag med gjesteliste. Meld deg på ved å sende ein e-post med fult navn til post@fantehuset.no eller på Facebook.

Det er 18års aldersgrense og vi tek 100kr i døra.

Med helsing Fantehuset.

 

Fantehuset overtek Trudvang

8 feb , 2009 av Andreas Grimstad

3 år etter at ideen "Fantehuset" vart diskutert mellom brukarane av Trudvang, skal Fantehuset endelig ta over huset. Fredag den 12. februar vil bli den offisielle datoen for overtakelse.

Vi har og lagt ut info om leige av huset. Det finn du under Leige Trudvang på menyen.

 

I helga brakar det laust!!

14 des , 2009 av Andreas Grimstad

Fantehuset ønskar alle velkomne til FANTEROCK komandes laurdag. Dørene opnar klokka 21:00. Det er 5 band som skal stå på scena iløpet av kvelden. Første band ut er Exposed to Failure som går på scena i 22 tida! Dei andre banda er; LØK, Biznissene, Black Age og CHASM(utgår). Vi legg ut billettar på Statoil, Hareid og på Narvesen, Ulsteinvik. Men du kan og betale i døra so lenge alle billettane ikkje er utselde. Det heile kostar usle 100 kroner og alle frå 16 år og oppover kan kome.

CHASM har p.g.a sjukdom meldt avbud.

Her kan du tjuvlytte på artistane.

Exposed to Failure

LØK

Biznissene

Black Age

 

 

Trudvang, 90 år med kultur!

23 okt , 2009 av Andreas Grimstad

Fredag den 23 oktober er det på dagen 90 år sidan at Hareid frilynde ungdomslag fekk stykket ”Trudvang”. Huset vart innvia 2 år seinare og sidan den dag har der vore liv i huset.

Heilt sidan eg var liten syntes eg at Trudvang var spanande, og den dagen bandet eg spelte i fekk eigen nøkkel til huset var det gjort. Vi vart fort heimvande å brukte huset mykje. Etter kvart blei det færre og færre brukarar av huset. Der og då syntest vi det var flott, vi fekk no huset for oss sjølve. Til slutt var det berre oss igjen. Allereie då såg vi på Trudvang som litt vårt, og vart glade i huset.

Men som alle veit varer ikkje noko for evig.

Dei siste åra har framtida til Trudvang sett mørk ut. Manglande vedlikehald har slete på huset, og ungdomsfestar har satt sine spor. Samt reduserte kulturmidlar frå kommuna. Rykter og prat om riving av Trudvang skremde oss. Nokre av oss bestemte seg for å komme til bunns med saka. Etter mykje om og men fekk vi vite at huset kunne stå, dermed blei organisasjonen ”Fantehuset” stifta, og tidligare i år gjekk kommuna med på å gi huset til oss.

Fantehuset jobbar no for at Trudvang igjen skal bli eit hus fullt av liv, med kulturelle tilbod for ungdomen. Faste aktivitetar i vekedagane og diverse arrangement i helgane. Moglegheiter for å leige huset til selskap o.l. Eit samlingspunkt for folk flest. Og ikkje minst ivare ta Trudvangs historie, og vidareføre dei målsetjingar og visjonar som har blitt lagt til rette for aktiviteten opp igjennom åra.

Men for å få til dette er vi avhengige av at næringslivet og nærmiljøet støttar oss. Det er synd og skam om 90 års histore skal avsluttast og at huset forfell. Derfor håper eg folk støttar oss og kan hjelpe til med arbeidet vi kjem til å legge i dette prosjektet og at næringslivet kan bidra med sitt. Vi har alt byrja. Opprusting/oppussing av øvingslokalet er snart ferdig og lekkasja i taket er under reparering. Vi har fått oss ein internettportal og mange nye medlemar. Ikkje nøl med å ta kontakt.


Andreas A. Grimstad
Leiar for Fantehuset

www.fantehuset.no

 

Fanterock 2009

6 okt , 2009 av Andreas Grimstad

Fanterock 2007 blei ein suksess. I 2008 stod Trudvang tomt i trua om at det skulle rivast, men i år er gløden tilbake.

Vi prøvar å arransjere Fanterock 09. Håpar på positive tilbakemeldingar og at nokre band stiller. 1 band er bekrefta.

For påmelding av band og annan informasjon: andreas@fantehuset.no

 

Bli medlem!

20 sep , 2009 av Andreas Grimstad

Du kan no registere deg som medlem på nettsida vår!
Les meir på Medlem sia som du finn i menyen til venstre.

 

Musikk

6 sep , 2009 av Andreas Grimstad

Vi har øvingslokaler og konsertscene.
Trykk deg inn på musikkgruppa til høgre for info.

 

Velkommen

6 jun , 2009 av Andreas Grimstad

Hei og velkomne til den nye og kansje midlertidlege nettportalen vår.
Vi skal prøve med beste evne å holde folk oppdaterte med kva planar vi har for huset og kor vi ligg i løypa. Eg håpar du finn det du leitar etter her. Har du nokon som helst formeining om Trudvang, websida, Fantehuset, ein ide eller eit tips so håpar eg at du tar kontakt og gir oss ei tilbakemelding. Du finn kontakt info ved å trykke her..